Bygget

Veien til byggeplassen gikk gjennom Østerdalens skoger – med morgenlyset som siles mellom furustammene, elven Glomma som siger gjennom det bløte dalføret, vannet som danner de klare speilflater over de stille sandbanker, og stengjerder rundt kirkenes gravplasser…

Så ved reisens slutt hadde bygget funnet sine materialer: stener til tørr-murene, sanden til de konstruktive betongelementer, det slipte betonggulvet, furuen som alt trearbeidet er formet av. Og mellom alt dette spenner glasset som en gjennomsiktig hud.

Slik formulerte Sverre Fehn prosessen som førte til at Aukrustsenteret vart Aukrustsenteret.

Etter ein lukka arkitektkonkurranse vart Sverre Fehn valt som arkitekt til å skape rom for livsverket og universet til ein annan stor kunstnar, Kjell Aukrust. Og det var eit lykkeleg val.

Sverre Fehn var sterkt oppteken av plasseringa i landskapet, med opning mot dalføret med Glåma, Husantunet og Tron og Kjell Aukrust sin motivkrets.
Aukrustsenteret er resultat av eit møte mellom to store kunstnarar med djup respekt for kvarandre.

Alvdal og regionen har all grunn til å vere stolt av å ha eit signalbygg av Sverre Fehn, vår fremste arkitekt. Vi må kanskje til utlandet for å skjøne kor stor han er. I 1997 mottok han arkitekturens Nobelpris, The Pritzker Architecture Prize.

Sverre Fehn var ein dyktig formidlar og eit inkluderande menneske. Han og medarbeidarane hans følgde byggeprosessen i Alvdal nøye. Han hadde tett og god kontakt med byggherre og byggmeister heilt fram til bygget sto ferdig og vart opna av Kong Harald 23. mai 1996. Sverre Fehn var også i Alvdal fleire gonger etter at Aukrustsenteret var opna, bl.a. på byggeskikkseminar. Senteret har tatt i mot både Statens Byggeskikkpris og Tilgjengelighetsprisen.

Sverre Fehn er diverre gått bort, men namnet og verka hans ruvar. Dei representerer arkitektur i verdsklasse

Åpningstider Flåklypatoppen

24.juni - 30. juni kl.10 -16
1.juli - 13.august kl. 10 -18
14.august - 20.august kl.10 -16

Uke 34 - 41 er raketten åpen i helgene kl.10 -16

Åpningstider Aukrustsenteret

Hver dag fra 6.mai - 15.oktober
6.mai - 30.juni kl.10 -16
1.juli - 13.agust kl.10 -18
14.august - 15.oktober kl.10 -16

Del galskapen

#aukrustsenteret

Været på Alvdal

Fredagkl.12:00-18:0013°
Lørdagkl.12:00-18:0015°